Sondre følgjer i pappa sine fotspor

– Eg lærer noko nytt heile tida.

Det seier Sondre Bale, som no har ni månadar bak seg som lærling i Straumnett.

– Eg valde dette yrket fordi det verka interessant og fordi ein får jobba mykje ute i frisk luft.

– Du har vel kanskje blitt litt påverka i heimen av pappa Per Inge, som også jobbar her?

– Jau, eg har vel kanskje det. Han har jo vore i bransjen i mange år og eg har alltid synst det var ein interessant jobb.

Spennande kvardag

Så langt trivst 18-åringen godt i lag med pappa og resten av kollegaene i Straumnett.

– Det har vore nokre lærerike månadar. Det er ein fin arbeidsplass med mange kjekke folk.

Sondre seier at han som lærling har mange varierte og spennande arbeidsoppgåver i kvardagen.

– I hovudsak går det ut på å montere, halde ved like, reparere og sette elektriske anlegg i drift.

Og det er litt av ein jobb som skal utførast. Straumnett er mest truleg det nettselskapet i landet med høgast høgdeskilnad på anlegga sine, med sjøkablar på 890 meters djup og kablar på 1510 meters høgde. På vinteren må montørane gjerne vabba langt med snø opp til knea og i ulendt terreng når dei skal halde ved like linjene i Årdal.

– Ingen dagar er like og det er eit kjempespennande yrke. Eg kan fint tilrå fleire å velje energimontørfaget, seier Sondre.

Årdal og Sogndal

Sjølv gjekk han første året elektro på Årdal vidaregåande skule før han reiste til Sogndal for å ta VG2 elenergi. No er han altså godt i gang med lærlingløpet som totalt tek 2,5 år.

– Eg er veldig glad for at eg fekk lærlingplass i Straumnett. Slik sett kan eg bu heime i Årdal også. Det er ein god bonus, smiler Sondre.

Er du vår nye energimontør?

BLI MED PÅ LAGET: Me i Straumnett søkjer etter ny energimontør.

Me ønskjer å styrke staben vår og leitar etter deg som vil bli ein del av vårt lag.

Straumnett skal sørgja for sikker og effektiv straumforsyning til nettkundar i Årdal. Visste du at me i 2023 vart kåra til landets mest stabile nettselskap? Me er kanskje eit lite selskap, men me utgjer ein stor forskjell.

Straumnett har fleire spennande prosjekt på gang. Difor søkjer me etter deg som vil vera med å byggja, halda ved like, montera og reparera nettet vårt.

Ein artig fun fact om oss er at me truleg er det nettselskapet i landet med størst høgdeskilnad på anlegga våre, med sjøkablar på 890 meters djup og kablar på 1510 meters høgde.

Høyrest ikkje dette spennande ut?

Hjå oss vil du få spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Og då har me ikkje nemnd det gode arbeidsmiljøet på huset. Me er ein del av eit konsern som spelar på verdiane våre om å vera ein trygg, offensiv og god lagspelar. Me har også ei velforeining som lagar til mykje sprell og moro for alle dei 32 tilsette som har arbeidskvardagen i lag med oss.

Utanfor døra vår kan du nyta den flotte naturen Årdal har å by på med djupe fjordar, høge fjell og lange dalar i vakre Jotunheimen. Visste du forresten at i teknologibygda Årdal blir det halverte barnehageprisar frå hausten 2024? Dette er berre ein av 1000 gode grunnar til å flytte hit. Kommunen har til og med eit Tilflyttarkontor som vil hjelpa deg med å føla deg heime på null komma niks.

Arbeidsoppgåver

  • Montasje og dokumentering av kabelanlegg, nettstasjonar og linjer

  • Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg

  • Deltaking i store og små prosjekt

  • Tileigne seg ny kompetanse

  • Rettleie og vere eit godt førebilete for våre lærlingar

  • Delta aktivt i HMS-arbeid i alle fasar og prosjekt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men trivst godt i lag.

  • Trivst med ansvar i kvardagen og vert motivert av gode resultat i eige arbeid.

  • Tenkjer på service, er løysingsorientert og tilpassingsdyktig.

Krav til kvalifikasjonar

  • Fagbrev som energimontør

  • Har fokus på HMS

  • Førarkort klasse B

  • Gode kommunikasjonsevner

Løn

  • Me tilbyr konkurransedyktig løn i tråd med bransjestandard og dine kvalifikasjonar. Den endelege løna vil verte fastsett i samsvar med erfaring og kompetanse.

Om arbeidsgjevaren

  • Straumnett AS er eit dotterselskap av Årdal Energi Holding. Konsernet består av selskap innan straumforsyning, straumsal, fornybar produksjon, programvareutvikling, fiber og TV. Konsernet held til i Utladalsvegen i Øvre Årdal og har 32 tilsette.

Søknadsfrist 30.04.2024

For meir informasjon om stillinga kontakt nettsjef i Straumnett AS:
Bjarte Kapstad tlf. 952 53 913 eller bjarte.kapstad@straumnett.no

Johannes tok sitt andre fagbrev: – Veldig glad og letta

STORT GLIS: Johannes har god grunn til å smila etter å ha bestått fagprøven.

No kan Johannes Finden Skaim endeleg kalla seg energimontør.

– Dette var ei perfekt førjulsgåve å få, seier 23-åringen.

Nervepirrande

Fredag 15. desember var det ein nervøs kar som skulle få det endelege svaret, etter ein intens månad med planlegging, innleveringar og praktiske oppgåver i samband med fagprøven.

– Eg var rimeleg nervøs før eg gjekk inn i rommet til sensorane i prøvenemnda, vedgår han.

Etter ei grundig evaluering, var det ein smilande kar som kom ut døra. Johannes hadde bestått fagprøven med glans.

– Då var eg veldig nøgd og letta, og fekk roa nervane ein god del.

For det er ikkje tvil om at Johannes har hatt litt sommarfuglar i magen undervegs som han har jobba med fagprøven.

– Når du tek fagprøven går du gjennom det du driv med som energimontør. I løpet av denne månaden har eg hatt ulike innleveringar og ein del praktisk arbeid med stolpar, fordelingsskap og trafokiosk. Då prøvenemnda kom siste dagen, gjekk me gjennom alle jobbane som er gjort og eg måtte svara på ein del spørsmål knytt til dette, inkludert forskrifter og den biten.

Godt arbeidsmiljø

No kan den blide aurlendingen jubla for to fagbrev. Johannes har også vore elektrikarlærling i Førde og tok seinare fagbrev som elektrikar.

23-åringen byrja hjå oss i Straumnett i 2021, og her trivst han utruleg godt.

– Det er ein veldig god gjeng som jobbar her. Eg har hatt det veldig bra med kjekke kollegaer og i eit veldig godt arbeidsmiljø.

TØFT ARBEID: Her jobbar Johannes og montørane i Straumnett med å dra fram ein kraftstolpe i ulendt terreng.

No blir Johannes med oss vidare, i første omgang på ein kontrakt ut august 2024.

– Det er eg veldig glad for. Her får me ein variert og spennande arbeidskvardag.

FEIRA MED KAKE: Straumnett inviterte til kakefest i kantina for å feira at fagbrevet var i boks.

Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett, er naturlegvis glad på Johannes sine vegner.

– Me er stolte over det Johannes har fått, men me er også stolte over Straumnett som lærlingbedrift. Me har heile vegen lagt til rette og inkludert Johannes i det viktige arbeidet me driv med.  Me er sjølvsagt veldig glade for at Johannes vil vera med oss vidare, no som energimontør, seier Haugland.

Går mot straumen og set ned nettleiga

Straumnett reduserer nettleiga med heile 32 prosent for 2024.

– Nettselskap over heile landet har varsla at dei er nøydde til å setja opp nettleiga inn mot 2024. Difor er me glade for å kunne melde at me går mot straumen, bokstavleg tala, og set ned nettleiga til alle våre 3600 kundar, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Ekstraordinær situasjon

Bakgrunnen for at dei fleste straumkundane i landet får ei høgare nettleige er på grunn av det stadig aukande tempoet innan elektrifisering, kombinert med høgare rente og den generelle prisveksten i samfunnet.

– Det er nettselskapa sitt samfunnsoppdrag å byggja ut, fornya og halde ved like det eksisterande straumnettet. Det er ein ekstraordinær situasjon som gjer at me kan redusera nettleiga frå 2023-takstane, seier Smedegård.

Han forklarar at dette heng saman med at Straumnett og Hydro har vorte samde om ein avtale i ei sak som har gått føre seg over lang tid.

Les meir om denne saka her.

– Hydro, som krev nettleige frå Straumnett, har måtte endre sine tariffar for bruk av kostnadar knytt til det interne nettet sitt. I tillegg har partane vorte samde om eit forlik om ein minneleg kompensasjon til Straumnett. Denne kompensasjonen blir sett på som meirinntekt og vil utgjera ein effekt på nettleiga på om lag 11 millionar kroner, og kjem kundane i Straumnett til gode i form av reduserte nettleigeprisar for det komande året.

Kjem godt med

Smedegård legg ikkje skjul på at ein så betydeleg prisreduksjon som 32 prosent på nettleiga kjem godt med i ei tid der husstandane opplever auka utgifter.

– Trass i at me er eit lite nettselskap leverer me gode resultat, mellom anna vart me i år kåra til det mest stabile nettselskapet i landet basert på 2022-tala, og ikkje minst fekk me landa ein avtale med Hydro etter lang tids kamp. No får kundane ei billigare nettleige, og det er me sjølvsagt veldig glade for, seier Smedegård.

Nye nettleigeprisar for 2024 kan du lesa her.

Semje mellom Straumnett og Hydro

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett AS.

– Dette er ei komplisert sak der to partar har hevda sin rett. Difor er me glade for at me har fått Hydro til å endre sin tarifferingsmodell og at me har landa ein avtale om ein minneleg kompensasjon på våre krav tilbake i tid, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Lang kamp

Bakgrunnen er at Straumnett og Hydro har vore usamde om Hydro sine tariffar for bruk og fordeling av kostnadar knytt til det interne nettet til Hydro i Årdal.

Saka går heilt tilbake til 2011 då Hydro varsla innføring av tariffar for bruk av Hydro sitt interne nett frå 2012. Hydro sitt syn og praksis på fordeling av kostnadar har vore grunngjeve i at regelverket opna for lågare tariff for industriforbruk enn alminneleg forsyning i nettforholda ved Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal.

Saka har hatt stor merksemd blant administrasjon, styret og eigarane til Straumnett.

– Me ser på Hydro som ein svært viktig aktør for lokalsamfunnet og ein viktig samarbeidspartnar. Me har heile vegen hatt god dialog med Hydro, men i denne saka har me vore opptekne av å stå på våre krav og kjempa for våre kundar, seier Smedegård.

I mai fatta Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) vedtak om at Hydro må rette tarifferingsmodellen, noko som blei innført med verknad frå 1. juli i år.

RME presiserte at deira avgjerd har verknad framover i tid. Hydro avviste difor i utgangspunktet Straumnett sitt krav på tilbakebetaling for tidlegare år.

Samde om forlik

I november blei det halde eit forhandlingsmøte mellom partane, som resulterte i ein avtale. Den inneber at Hydro betalar ein minneleg kompensasjon til Straumnett for tidlegare år. Denne kompensasjonen blir sett på som fullt og endeleg oppgjer av alle krav i saka. Basert på juridiske vurderingar frå Straumnett si side, er selskapet styrkt i trua på at ein har landa ein god avtale.

Smedegård er stolt over det gode arbeidet Straumnett har lagt ned over lang tid, og gjentek at dette har ført til at Hydro har endra sin tariff, og at partane har blitt samde om eit forlik som vil gje ein effekt på nettleiga til kundane i 2024 på totalt 11 millionar kroner.

Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, seier at dei sidan 2012 har tariffert i samsvar med regelverket og handla i god tru.

– Styresmaktene har fleire gonger stadfesta at Hydro sin praksis har vore i tråd med regelverket, men RME har i vedtaket frå i mai i år endra syn. Hydro valde difor å ikkje klaga på vedtaket og endra difor tarifferinga. RME slår fast at differensiering av tariffen er mogleg, men meinte at Hydro si grunngjeving ikkje var tilstrekkeleg. For Hydro er det viktig å ha eit godt samarbeid med vertskommunane og Årdal-samfunnet. Me har av den grunn sett det som tenleg å inngå eit forlik med Straumnett om nettleiga, seier Eldegard.

– Korleis vil kundane til Straumnett merke dette, Smedegård?

– For det første måtte Hydro endra sin tarifferingsmodell med verknad frå 1. juli. Det påverkar kundane i Straumnett i form av at me kan halda nettleigekostnadane lågare enn om me ikkje hadde kjempa denne saka. For det andre får me ein minneleg kompensasjon frå Hydro på vårt krav om tilbakebetaling. Forliket betyr at Straumnett vil få for høg meirinntekt i forhold til inntektsramma vår. Desse pengane vil koma kundane til gode i form av form av reduserte nettleigekostnadar over fakturaen i 2024.

Smedegård strekar under at alle nettselskap er strengt regulerte av myndigheitene, og viser til NVE som på sine nettsider skriv følgjande:

«Nettleiga skal gje nettselskapet inntekter til dekning av kostnadane ved transport av kraft, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men RME kontrollerer at inntektene til nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå sine kundar».

Kontakt for media og presse:

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett

Telefon: 48031258

Wenche Eldegard, fabrikksjef i Hydro

Telefon: 97736943

Ny nettsjef på plass

NY I JOBBEN: Bjarte tok til i si nye stilling 4. desember.

Straumnett er glade for å melde at den nye nettsjefen i Straumnett AS har starta i jobben.

Den nye nettsjefen vår heiter Bjarte Kapstad (50) og kjem frå Bygstad. Bjarte er sivilingeniør og har tidlegare jobba i Sunnfjord Energi, Statkraft og BKK.

Bjarte hadde sin første arbeidsdag måndag 4. desember. Han har teke over som nettsjef etter Edvard Holsæter som har gått over i ei ny rolle i konsernet.

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i morselskapet Årdal Energi Holding, er svært glad for å ha fått med Bjarte på laget.

– Me hadde fleire gode søkjarar på stillinga som var utlyst tidlegare i haust, og me fekk eit veldig godt inntrykk av Bjarte under intervjurunden. Han tek med seg solid erfaring frå energibransjen som Straumnett vil nyta godt av. Samstundes er me veldig glade for at me har med oss Edvard vidare. Han har over 45 år bak seg i Årdal Energi, og soleis får Bjarte ei veldig god innføring og overlapping.

Me ønskjer Bjarte velkomen på huset og til bygda vår.

Travle tider for å sikra stabil og god drift av nettet

Flaumsikringstiltak og utskifting av gamle master er berre noko av det me har drive med i sommar og haust.

Du har kanskje lagt merke til at det har kome ein hengekabel over elva ved brua i Utladalen? Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett AS, forklarar at dette er gjort for å sikra stabil drift og trygga forsyninga i Utladalen.

Høgspentkabelen heng trygt oppe i lufta mellom dei to nye kraftstolpane som er sett opp ved brua i Utladalen. (Foto: Arn Roger Haugland)

– Dette ser me på som eit flaumsikringstiltak. Tidlegare var høgspentkabel montert på brua, men når det er stor vassføring i elva har det vore fare for at brua ville fare. Difor har me valt å setja opp master med høgspent-hengekabel over i staden, seier han.

Parallelt med dette arbeidet er det også gjort grep på trafostasjonen som står plassert mellom Sunde Resirk og Aardal AS.

– Trafoen har stått utsett til ved høg vasstand tidlegare. No har me heva han i underkant av ein meter, seier Arn Roger.

Trafostasjonen i Utladalen er blitt heva om lag 70 cm. (Foto: Arn Roger Haugland)

Nye kraftstolpar på fjellet

Farande over fjellet på fylkesveg 53 kan i desse dagar sjå at det går føre seg arbeid på mastene på strekkja langs Torolmen. Her jobbar Straumnett sine montørar med å byta ut ein del gamle kraftstolpar.

– Igjen handlar dette om å sikre stabil forsyning. Me byter ut dei verste stolpane og så spjelkar og sikrar me nokre andre.

No er montørane, med god hjelp av graveentreprenør, godt i gang med arbeidet.

Langs denne strekkja på fjellet blir gamle kraftstolpar bytt ut med nye. (Foto: Stian Bye)

– Dette er tiltak me utfører på bakgrunn av ei tilstandsvurdering der me har vore ute på synfaring, seier Arn Roger.

Fleire kablar i bakken

Langs Veesvegen og i Sitlevegen i Øvre Årdal har dei den siste tida forsterka lågspentnettet, der ein har fjerna gamle stolpar og lagt kabel i bakken.

Les også: Denne gata får seg eit skikkeleg løft: - Eit godt samarbeid mellom fleire aktørar

– Dette er gjort i godt samarbeid mellom oss i Straumnett, Årdalsnett og Årdal kommune. I tillegg har kundane i desse områda fått ny inntakskbel og moglegheit til å montere nytt utvendig tilknytingsskap.

Ved Hydrovegen på Årdalstangen har Straumnett oppgradert og forsterka kapasiteten på høgspentnettet, medan Årdalsnett har lagt fiber og Årdal kommune har utført betringar på veglys.

– Så har me lagt fram forsyning med tanke på elbillading ved sentralbygget til kommunen, og me har forberedt området til meir effekt seinare, seier Arn Roger, og slår fast at det er mykje arbeid om dagen.

- Me har ein samfunnskritisk jobb og må vera på tå hev heile tida for å sikra stabil og god drift av nettet til innbyggjarane i Årdal.

Straumnett har inngått samarbeid med Eviny

Straumnett vil i tida framover nytta Eviny Elsikkerhet AS til å gjennomføre elektrisk kontroll av bustadar og hytter i Årdal Kommune.

Tidlegare har me utført desse kontrollane i eigen regi, men framover skal me nytta oss av Eviny Elsikkerhet sin kompetanse. Dei skal utføra kontrollar etter Straumnett og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sine retningslinjer.

Eviny er eitt av Noregs største energi- og teknologikonsern. Dei bidreg med gode råd om eltryggleik, slik at du kan førebyggja feil som kan føra til skadar eller brann.

Kundar som skal ha kontroll vil på førehand bli varsla om dette.

Det som blir sjekka ved ein kontroll er i hovudsak inntak, sikringsskap, jording og at alle papir er i orden. Eit tilsyn i vanlege bustadar blir kontrollert kvart 20 år og kvart 30 år for fritidsbustadar.

Dersom du har spørsmål knytt til kontrolltidspunkt, endring av avtalar og meir, kontakt Eviny Elsikkerhet på telefon: 55129500. (Hugs å ha klart saksnummer)

Ved andre spørsmål vedrørande eltryggleik, kan du ta kontakt med Straumnett AS ved Bjørn Hunshammer. Han kan nåast på mobil: 90164159.

Straumnett kåra til det mest stabile nettselskapet i landet

– Dette var ei utruleg kjekk melding å få. Det viser at me gjer ein god jobb.

Det seier Edvard Holsæter, nettsjef for det lokale nettselskapet i Årdal.

Det er Reguleringsmyndigheten for energi (RME) som har presentert avbrotstatistikken for 2022. Her er tal avbrot for kvart enkelt nettselskap lista opp, og det viser seg at Straumnett boksar over eigen vektklasse.

– Me har eit godt og stabilt nett. Me er restriktive med utkoplingar og me har få tilfelle med straumbrot, seier Holsæter.

Han forklarar det stabile nettet i Årdal på følgjande måte:

– Me gjer ein solid jobb med nettet vårt, der me har stort fokus på vedlikehald og drift. Og så har me sjølvsagt vore heldige.

NØGD: Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett AS.

Fagpublikasjonen Europower.no hyllar det lokale nettselskapet i Årdal.

«Straumnett (tidlegare Årdal Energi Nett) er som vanleg med på ti-på-topp lista over stabile selskap, denne gongen heilt på topp med 0,28 avbrot i snitt per kunde», skriv nettsida.

Statistikken inneheld ei mengd tal, som til dømes korte og lange avbrot, varigheit på avbrot, kile-kostnadar og mengde straum som ikkje er levert.

Europower har valt å sortera lista etter gjennomsnittleg tal straumbrot per nettkunde.

– Det er klart at me er stolte over å toppe denne lista. Det er ikkje første gongen me er i toppsjiktet heller. Det tyder på at me har svært dyktige tilsette og god drift på nettet vårt, seier Holsæter.

Eit av føremåla med monopolkontrollen til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er å sikre ei effektiv utøving av nettverksemda, slik at ho kan levere nettenester med tilfredsstillande leveringskvalitet til lågast mogleg kostnad.

Overvaking av leveringspålitelegheita i kraftsystemet er soleis ei viktig oppgåve for RME som regulator for den norske energiforsyninga.

Straumnett AS, med sine 3684 nettkundar, hadde færrast straumbrot av alle med 0,28 avbrot per brukar. Bak følgjer Jæren Everk på 2.-plass med 0,390 avbrot i snitt per kunde. Også Elvia Sør scorar bra med 1,3 avbrot per straumkunde.

– Dette må feirast med ei marsipankake, gliser Holsæter.


Liten rakkar byr på store problem: – Det kostar bransjen millionar av kroner i året

Visste du at hakkespetten skapar hovudbry i kraftbransjen?

Den vesle krabaten hakkar seg inn i kraftlinjestolpane, noko som kan føra til straumbrot.

I Fardalen i Øvre Årdal har hakkespetten gått laus på fleire stolpar, som no må bytast ut.

– Det er ikkje første gongen me må byta ut stolpar fordi hakkespetten har laga store hol. I verste fall knekkjer stolpen og straumnettet blir slått ut, seier Stian Bye, energimontør i Straumnett og leiar for sikkerheit i dette prosjektet.

Stian Bye er leiar for sikkerheit i prosjektet med å byta ut stolpane i Fardalen. Han forklarar at dei gjennomfører sikker jobbanalyse på kvar minste jobb dei utfører.

Bye forklarar skadane har blitt oppdaga etter linjebefaring.

– Me driv kontinuerleg med vedlikehald og har årleg linjebefaring der me sjekkar tilstanden på linjene.  

Kostar millionar

Arn Roger Haugland, prosjektingeniør i Straumnett, seier at hakkespetten kostar netteigarane millionar av kroner årleg.

– Det er eit kjend problem i bransjen. Det er ein stor jobb med å byta ut stolpar og dessutan kjem kilekostnadar for netteigar med planlagt utkopling, seier han.

Johannes Skaim smiler og ser lyst på oppgåva som ventar.

For å få bukt med problemet har mange netteigarar byrja å kle inn stolpane med netting, noko også Straumnett har gjort.

–Hakkespetten går laus på kraftstolpane mest truleg fordi dei vil lage reir eller leita etter insekt, seier Nils Christian Bjørgo, leiar i Birdlife Sogn og Fjordane.

BirdLife Norge, tidlegare Norsk Ornitologisk Forening, er ein ideell foreining som har vern av fuglar som si viktigaste oppgåve.

Bjørgo peikar også på eit anna problem, nemleg at hubroen set seg på traversen på kraftstolpane.

– Det kan vera verkeleg farleg. Når hubroen slår ut vengene kan han koma i kontakt med to straumførande linjer, og dermed døy av støyt Mange netteigarar monterer difor sittepinnar når dei monterer nye stolpar.

Med god planlegging fekk Johannes Skaim, Stian Bye og Kenneth Sandnes drege opp stolpen. Snart ventar montering.

I Årdal har det vore svært få tilfelle av hubro som har måtte bøta med livet på denne måten. Stian Bye seier at dei likevel gjer tiltak for å redda verdas største ugle.

– På dei nye mastene set me opp fugle-avviser som hindrar fuglar å setja seg på travers, seier han.

Som med alt anna arbeid i Straumnett, er det stort fokus på HMS. I Fardalen har dei måtte ty til to arbeidsmetodar.

– Me kom til med gravemaskin på den øvste stolpen. Då var det ikkje så tung fysisk belastning. Men på den nedste stolpen vart det manuelt arbeid med vinsj, stolpereisar, bergboremaskin og full pakke i ulendt terreng. Det er krevjande og hardt arbeid, seier han.

TUNGT ARBEID: Denne stolpen veg om lag 800 kilo. Den måtte fraktast opp gjennom ulendt og bratt terreng.

I samband med arbeidet er det planlagt straumutkopling i Fardalen frå klokka 0900 til 1400 torsdag 8. juni.

Ny nettleigemodell frå 1. juli 2022

Olje- og energidepartementet har vedteke ny prismodell for nettleige i Norge. Føremålet med den nye prismodellen er å leggje til rette for best mogleg utnytting av nettet. Ved eit jamnare forbruk gjennom døgnet, vil behovet for kostbare oppgraderingar verte mindre. Nettselskapet skal ikkje tene meir enn tidlegare, men du som forbrukar har høve til å bruke straumen smartare.

Den nye prismodellen gjeld for kundar med årleg forbruk opp til 100 000 kWh. Kundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil bli fakturert etter effekttariff, som tidlegare.

Prismodellen:

Fastledd vert delt inn i trinn etter nytta effekt. Fastleddet vert fakturert ut frå gjennomsnittet av dei tre høgaste effektuttaka målt siste månad. Høgt effektuttak oppstår når du gjer mange straumkrevjande oppgåver samstundes, som f.eks vaske klede, lade bilen og lage mat på same tid.

Energiledd er prisa etter forbruk, men prisane vert differensiert etter kva tid på døgnet/året straumen vert nytta.

Dei nye prisane vert klare i løpet av juni, og meir informasjon rundt dette vil komme.

Sjå video som forklarar den nye modellen:

No blir straumrekninga di lågare

Regjeringa har lagt fram forslag til ei støtteordning for høge straumprisar, og Straumnett AS skal bidra til å følgja opp og sørga for at straumrekninga di blir lågare i månadene framover.

Må eg gjera noko for å få kompensasjon?

Som kunde treng du ikkje gjera noko som helst for å få kompensasjon – beløpet du har krav på blir trekt automatisk frå på nettleiga. Ordninga gjeld frå og med desember til og med mars. Viss du har rett på støtte, vil du få det første frådraget på fakturaen du mottek allereie i januar.

Kven får kompensasjon?

Alle hushaldskundar vil få kompensasjon for straumen dei bruker. Dersom du eig ei hytte eller fritidsbustad får du ikkje kompensasjon for straumforbruket på den adressa. I ettertid er burettslag og sameige vorte ein del av ordningen, dette gjeld for felles straummålar. Klikk på lenka til regjeringen.no

Når gjeld ordninga frå?

Ordninga vil gjelda allereie frå og med straumrekninga for desember, som blir fakturert i januar, og ordninga vil vara til og med mars 2022.

Kor mykje kompensasjon har eg krav på?

Frå og med fakturaen for januar inneber ordninga at kunden får kompensert 80% av kostnadene over 70 øre/kWh ekskl. mva.

Dette betyr at viss gjennomsnittleg spottpris i området ditt er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva.) i løpet av éin månad, har du rett på kompensasjon – uansett kva straumavtale du har. Taket for kompensasjon er 5000 kWh per månad, og forbruk over dette blir ikkje kompensert.

Kven har ansvaret?

Det er Straumnett AS som har ansvaret for å gjennomføra støtteordninga i nettområdet vårt og beløpet vil bli trekt frå den månadlege rekninga for nettleige. Dersom summen overstig den månadlege nettleiga, blir beløpet utbetalt til bankkontoen til kunde eller trekt frå straumrekninga.

Mange kundar har straum og nettleige på same faktura. Det betyr at fråtrekket kjem på straumrekninga, men det er Straumnett AS som sørger for at kompensasjonen blir rett. Dersom du har spørsmål om kompensasjonsordninga, kan du kontakta oss.

Les mer om ordningen på følgjande sider:

 rme.no

 regjeringen.no

Set net nettleiga frå og med 1. april 2021

I statsbudsjettet for 2021 vart det løyvd 20 millionar kroner til utjamning av skilnader i overføringstariff. Årdal Energi Nett får tildelt kr 2 260 447,-.

Tilskotet på kr 2 260 447,- skal komma kundane våre til gode og vi vil med verknad frå 1. april 2021 setja ned energileddet for alle kundane våre med 4,46 øre utan avgifter fram til og med 31.12.2021.