Sondre følgjer i pappa sine fotspor

– Eg lærer noko nytt heile tida.

Det seier Sondre Bale, som no har ni månadar bak seg som lærling i Straumnett.

– Eg valde dette yrket fordi det verka interessant og fordi ein får jobba mykje ute i frisk luft.

– Du har vel kanskje blitt litt påverka i heimen av pappa Per Inge, som også jobbar her?

– Jau, eg har vel kanskje det. Han har jo vore i bransjen i mange år og eg har alltid synst det var ein interessant jobb.

Spennande kvardag

Så langt trivst 18-åringen godt i lag med pappa og resten av kollegaene i Straumnett.

– Det har vore nokre lærerike månadar. Det er ein fin arbeidsplass med mange kjekke folk.

Sondre seier at han som lærling har mange varierte og spennande arbeidsoppgåver i kvardagen.

– I hovudsak går det ut på å montere, halde ved like, reparere og sette elektriske anlegg i drift.

Og det er litt av ein jobb som skal utførast. Straumnett er mest truleg det nettselskapet i landet med høgast høgdeskilnad på anlegga sine, med sjøkablar på 890 meters djup og kablar på 1510 meters høgde. På vinteren må montørane gjerne vabba langt med snø opp til knea og i ulendt terreng når dei skal halde ved like linjene i Årdal.

– Ingen dagar er like og det er eit kjempespennande yrke. Eg kan fint tilrå fleire å velje energimontørfaget, seier Sondre.

Årdal og Sogndal

Sjølv gjekk han første året elektro på Årdal vidaregåande skule før han reiste til Sogndal for å ta VG2 elenergi. No er han altså godt i gang med lærlingløpet som totalt tek 2,5 år.

– Eg er veldig glad for at eg fekk lærlingplass i Straumnett. Slik sett kan eg bu heime i Årdal også. Det er ein god bonus, smiler Sondre.