Nettleigeprisar 2024

Kundar med årleg forbruk under 100 000 kWh

Olje- og energidepartementet har vedteke ny prismodell for nettleige i Norge. Føremålet med den nye prismodellen er å leggje til rette for best mogleg utnytting av nettet. Ved eit jamnare forbruk gjennom døgnet, vil behovet for kostbare oppgraderingar verte mindre. Nettselskapet skal ikkje tene meir enn tidlegare, men du som forbrukar har høve til å bruke straumen smartare. 

Den nye prismodellen gjeld for kundar med årleg forbruk opp til 100 000 kWh. Kundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil bli fakturert etter effekttariff som tidlegare.

Nettleiga vil bestå av to ledd: 

Kapasitetsledd vert delt inn i trinn etter nytta effekt. Kapasitetsleddet vert fakturert ut frå gjennomsnittet av dei tre høgaste effektuttaka målt siste månad. Høgt effektuttak oppstår når du gjer mange straumkrevjande oppgåver samstundes, som f.eks. vaske klede, lade bilen og lage mat på same tid. 

Energiledd er prisa etter forbruk, men prisane vert differensiert etter kva tid på døgnet/året straumen vert nytta.

For privatkundar er prisane inklusiv alle offentlege avgifter (ENOVA, forbruksavgift og MVA)

NB! I perioden januar – mars er Energiledd dag = 33,84 øre/kWh og Energiledd natt = 27,59 øre/kWh.
Dette grunna rimelegare forbruksavgift i denne perioden.

Bedrifter og næringskundar med eit årsforbruk under 100 000 kWh går inn i same type modell som privatkundar.


For næringskundar er pristabellen eksklusiv alle avgifter.

Periodar:

Dag: Alle dagar frå 06.00 til 22.00 

Natt: Alle dagar frå 22.00 til 06.00 

Sommar gjeld månadane mai til og med september 

Vinter gjeld månadane oktober til og med april

Kundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil bli fakturert etter effekttariff som tidlegare, men tariffen er justert.

Forbruksavgift er ei avgift for elektrisk kraft som nettselskap tek inn på vegner av staten. For å få redusert sats eller fritak for avgifta, må ein oppfylle bestemte kriteria.

Du kan lese meir om dette på Skatteetaten sine sider: Avgift på elektrisk kraft – Skatteetaten.

Andre gebyr:

For kundar som ikkje har valt kraftleverandør og er under leveringsplikt (ventetariff) gjeld følgjande:
Spotpris + MVA) + 5 øre/kWh 

Oppsetting og nedtaking av byggjestraum: kr 2 500,-

Fråkopling av anlegg: kr 1 250,- 

Tilkopling av anlegg: kr 1 250,- 

Årleg gebyr for manuell avlesing av målar: kr 1 875,-

Slik fungerer den nye nettleigemodellen: