Liten rakkar byr på store problem: – Det kostar bransjen millionar av kroner i året

Visste du at hakkespetten skapar hovudbry i kraftbransjen?

Den vesle krabaten hakkar seg inn i kraftlinjestolpane, noko som kan føra til straumbrot.

I Fardalen i Øvre Årdal har hakkespetten gått laus på fleire stolpar, som no må bytast ut.

– Det er ikkje første gongen me må byta ut stolpar fordi hakkespetten har laga store hol. I verste fall knekkjer stolpen og straumnettet blir slått ut, seier Stian Bye, energimontør i Straumnett og leiar for sikkerheit i dette prosjektet.

Stian Bye er leiar for sikkerheit i prosjektet med å byta ut stolpane i Fardalen. Han forklarar at dei gjennomfører sikker jobbanalyse på kvar minste jobb dei utfører.

Bye forklarar skadane har blitt oppdaga etter linjebefaring.

– Me driv kontinuerleg med vedlikehald og har årleg linjebefaring der me sjekkar tilstanden på linjene.  

Kostar millionar

Arn Roger Haugland, prosjektingeniør i Straumnett, seier at hakkespetten kostar netteigarane millionar av kroner årleg.

– Det er eit kjend problem i bransjen. Det er ein stor jobb med å byta ut stolpar og dessutan kjem kilekostnadar for netteigar med planlagt utkopling, seier han.

Johannes Skaim smiler og ser lyst på oppgåva som ventar.

For å få bukt med problemet har mange netteigarar byrja å kle inn stolpane med netting, noko også Straumnett har gjort.

–Hakkespetten går laus på kraftstolpane mest truleg fordi dei vil lage reir eller leita etter insekt, seier Nils Christian Bjørgo, leiar i Birdlife Sogn og Fjordane.

BirdLife Norge, tidlegare Norsk Ornitologisk Forening, er ein ideell foreining som har vern av fuglar som si viktigaste oppgåve.

Bjørgo peikar også på eit anna problem, nemleg at hubroen set seg på traversen på kraftstolpane.

– Det kan vera verkeleg farleg. Når hubroen slår ut vengene kan han koma i kontakt med to straumførande linjer, og dermed døy av støyt Mange netteigarar monterer difor sittepinnar når dei monterer nye stolpar.

Med god planlegging fekk Johannes Skaim, Stian Bye og Kenneth Sandnes drege opp stolpen. Snart ventar montering.

I Årdal har det vore svært få tilfelle av hubro som har måtte bøta med livet på denne måten. Stian Bye seier at dei likevel gjer tiltak for å redda verdas største ugle.

– På dei nye mastene set me opp fugle-avviser som hindrar fuglar å setja seg på travers, seier han.

Som med alt anna arbeid i Straumnett, er det stort fokus på HMS. I Fardalen har dei måtte ty til to arbeidsmetodar.

– Me kom til med gravemaskin på den øvste stolpen. Då var det ikkje så tung fysisk belastning. Men på den nedste stolpen vart det manuelt arbeid med vinsj, stolpereisar, bergboremaskin og full pakke i ulendt terreng. Det er krevjande og hardt arbeid, seier han.

TUNGT ARBEID: Denne stolpen veg om lag 800 kilo. Den måtte fraktast opp gjennom ulendt og bratt terreng.

I samband med arbeidet er det planlagt straumutkopling i Fardalen frå klokka 0900 til 1400 torsdag 8. juni.