- Eit stort og krevjande prosjekt

Seimsdalstunnelen nærmar seg opning, og Straumnett er med på laget.

- I samband med oppgraderinga av Seimsdalstunnelen har me i Straumnett lagt nye straumkablar i grøft gjennom tunnelen. Sjølv om tunnelen ikkje er lenger enn 1500 meter er det laga til to store rom, sokalla nisjer, med nettstasjonar. Her har me ansvaret for dei to høgspentromma med transformatorar, seier Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett, det lokale nettselskapet i Årdal.

I Seimsdalstunnelen er det laga til to slike nisjer med tekniske rom. Straumnett driftar høgspentrommet.

Det var i 2020 at arbeidet med å oppgradera Seimsdalstunnelen, som vart bygd i 1965, tok til. Det blir også gang- og sykkelsti gjennom tunnelen. Planen er at alt skal stå klart til sommaren.

Haugland seier at det har vore eit spennande prosjekt, men legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande undervegs også.

- Det me er mest nøgde me er oppetida trass i dei store utfordringane som har vore. Det handlar først og fremst om HMS og tryggleik for arbeidarar og trafikantar. Det har vore tett og god dialog heile vegen med fylkeskommunen og entreprenør Bertelsen og Garpestad AS om når og kvar me skal leggja kablar kombinert med sprengningsarbeid og den biten. Samstundes skal me sikra ein god straumleveranse til innbyggjarane i Seimsdalen.

Edvard Holsæter og Arn Roger Haugland frå Straumnett sjekkar at alt er i orden i høgspentrommet.

Torsdag 12. mai var Haugland og nettsjef Edvard Holsæter på synfaring i tunnelen. Frå høgspentrommet leverer Straumnett lågspent til fylkeskommunen sitt tekniske rom.

- Det var eit ønske om at me skulle koma å kopla på straumen. No var alt klart, og då kunne me slå på brytaren, seier Haugland.

Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett, koplar på straumen til lågspentrommet slik at fylkeskommunen kan testa anlegget.

Årdalsnett har også hatt ein del arbeid i tunnelen den siste tida. Dei har blåst fiber i røyr gjennnom tunnelen. Dei har også etablert fiber for å kunne kommunisere med dei tekniske anlegga i høgspentromma.