Går mot straumen og set ned nettleiga

Straumnett reduserer nettleiga med heile 32 prosent for 2024.

– Nettselskap over heile landet har varsla at dei er nøydde til å setja opp nettleiga inn mot 2024. Difor er me glade for å kunne melde at me går mot straumen, bokstavleg tala, og set ned nettleiga til alle våre 3600 kundar, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Ekstraordinær situasjon

Bakgrunnen for at dei fleste straumkundane i landet får ei høgare nettleige er på grunn av det stadig aukande tempoet innan elektrifisering, kombinert med høgare rente og den generelle prisveksten i samfunnet.

– Det er nettselskapa sitt samfunnsoppdrag å byggja ut, fornya og halde ved like det eksisterande straumnettet. Det er ein ekstraordinær situasjon som gjer at me kan redusera nettleiga frå 2023-takstane, seier Smedegård.

Han forklarar at dette heng saman med at Straumnett og Hydro har vorte samde om ein avtale i ei sak som har gått føre seg over lang tid.

Les meir om denne saka her.

– Hydro, som krev nettleige frå Straumnett, har måtte endre sine tariffar for bruk av kostnadar knytt til det interne nettet sitt. I tillegg har partane vorte samde om eit forlik om ein minneleg kompensasjon til Straumnett. Denne kompensasjonen blir sett på som meirinntekt og vil utgjera ein effekt på nettleiga på om lag 11 millionar kroner, og kjem kundane i Straumnett til gode i form av reduserte nettleigeprisar for det komande året.

Kjem godt med

Smedegård legg ikkje skjul på at ein så betydeleg prisreduksjon som 32 prosent på nettleiga kjem godt med i ei tid der husstandane opplever auka utgifter.

– Trass i at me er eit lite nettselskap leverer me gode resultat, mellom anna vart me i år kåra til det mest stabile nettselskapet i landet basert på 2022-tala, og ikkje minst fekk me landa ein avtale med Hydro etter lang tids kamp. No får kundane ei billigare nettleige, og det er me sjølvsagt veldig glade for, seier Smedegård.

Nye nettleigeprisar for 2024 kan du lesa her.