Generelt om Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE)

DLE er ein del av nettselskapet. Fagleg er DLE underlagt«Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap» (DSB).

Årdal Energi er pålagde å føra tilsyn med alle elanlegg innafor sitt forsyningsområde. Det er DSB, som legg føringar på kva tilsyna skal innehalda. DLE rappporterer resultata av tilsyna til DSB.

Oppgåver DLE utfører for DSB.

  • Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private husstandar, landbruk, verksemder, m.m.
  • Systemrevisjonar av elektroinstallatørar.
  • Systemrevisjonar av internkontrollsystem i verksemder som t.d. produksjonsbedrifter, verkstader, helseinstitusjonar, eksplosjonsfarlege område, m.m.
  • Marknadskontrollar
  • Informasjon om el-tryggleik til kundegrupper
  • Revisjon og verifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr
  • Deltek i brannetterforsking