Straumnett kåra til det mest stabile nettselskapet i landet

– Dette var ei utruleg kjekk melding å få. Det viser at me gjer ein god jobb.

Det seier Edvard Holsæter, nettsjef for det lokale nettselskapet i Årdal.

Det er Reguleringsmyndigheten for energi (RME) som har presentert avbrotstatistikken for 2022. Her er tal avbrot for kvart enkelt nettselskap lista opp, og det viser seg at Straumnett boksar over eigen vektklasse.

– Me har eit godt og stabilt nett. Me er restriktive med utkoplingar og me har få tilfelle med straumbrot, seier Holsæter.

Han forklarar det stabile nettet i Årdal på følgjande måte:

– Me gjer ein solid jobb med nettet vårt, der me har stort fokus på vedlikehald og drift. Og så har me sjølvsagt vore heldige.

NØGD: Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett AS.

Fagpublikasjonen Europower.no hyllar det lokale nettselskapet i Årdal.

«Straumnett (tidlegare Årdal Energi Nett) er som vanleg med på ti-på-topp lista over stabile selskap, denne gongen heilt på topp med 0,28 avbrot i snitt per kunde», skriv nettsida.

Statistikken inneheld ei mengd tal, som til dømes korte og lange avbrot, varigheit på avbrot, kile-kostnadar og mengde straum som ikkje er levert.

Europower har valt å sortera lista etter gjennomsnittleg tal straumbrot per nettkunde.

– Det er klart at me er stolte over å toppe denne lista. Det er ikkje første gongen me er i toppsjiktet heller. Det tyder på at me har svært dyktige tilsette og god drift på nettet vårt, seier Holsæter.

Eit av føremåla med monopolkontrollen til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er å sikre ei effektiv utøving av nettverksemda, slik at ho kan levere nettenester med tilfredsstillande leveringskvalitet til lågast mogleg kostnad.

Overvaking av leveringspålitelegheita i kraftsystemet er soleis ei viktig oppgåve for RME som regulator for den norske energiforsyninga.

Straumnett AS, med sine 3684 nettkundar, hadde færrast straumbrot av alle med 0,28 avbrot per brukar. Bak følgjer Jæren Everk på 2.-plass med 0,390 avbrot i snitt per kunde. Også Elvia Sør scorar bra med 1,3 avbrot per straumkunde.

– Dette må feirast med ei marsipankake, gliser Holsæter.