Ny nettstasjon på plass: – Snart kan heisane byrja å gå

Straumnett har levert ny nettstasjon og forsyning til Vee-Sletta burettslag i Øvre Årdal.

– Dette betyr at heisane snart kan byrja å gå, seier Greta Steinheim, som har køyrt heisprosjektet i regi av Årdal boligbyggelag (ÅBBL).

Den nye nettstasjonen blei løfta på plass måndag 15. mai, og er komen på plass i samband med det storstila heisprosjektet i burettslaget. Snart kan bebuarar i 90 leilegheiter nyta godt av tilgjenge til heis. Prosjektet har også fått tilskot av Husbanken.

– Det er mykje aktivitet i område og me ventar i spenning på å bli klare. Planen er at prosjektet skal stå ferdig til fellesferien, seier Steinheim.

SPENNANDE PROSJEKT: Vee-Sletta burettslag har investert i nye heisar og lagt til rette for elbil-lading.

Ho strekar under at heisprosjektet vil føra til ein lettare kvardag for alle som bur i leilegheitene.

– Det gjeld for alle, om det er unge med barnevogner, folk som skal inn med møblar og eldre. Det er erfaringane våre frå heisprosjekta i dei andre burettslaga, seier ho.

Vee-Sletta burettslag møter også framtida med at dei i same slengen monterer ladestasjonar for elbilar.

Inne i den nye nettstasjonen Straumnett har levert, er det mellom anna komen på plass ein 230 og 400 volts forsyning. Det er lagt nye tilførskablar frå nettstasjon til leilegheiter og nye tilførskablar frå nettstasjon til heisar og elbil-lading.

MYKJE GRAVING: Straumnett har levert ny nettstasjon til Vee-Sletta burettslag.

– Med nye heisar og elbil-ladarar var ikkje dagens nett godt nok til å ta unna den venta effektauken. Difor var det naudsynt med å få på plass ein nettstasjon med meir forsyning, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.