Travle tider for å sikra stabil og god drift av nettet

Flaumsikringstiltak og utskifting av gamle master er berre noko av det me har drive med i sommar og haust.

Du har kanskje lagt merke til at det har kome ein hengekabel over elva ved brua i Utladalen? Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett AS, forklarar at dette er gjort for å sikra stabil drift og trygga forsyninga i Utladalen.

Høgspentkabelen heng trygt oppe i lufta mellom dei to nye kraftstolpane som er sett opp ved brua i Utladalen. (Foto: Arn Roger Haugland)

– Dette ser me på som eit flaumsikringstiltak. Tidlegare var høgspentkabel montert på brua, men når det er stor vassføring i elva har det vore fare for at brua ville fare. Difor har me valt å setja opp master med høgspent-hengekabel over i staden, seier han.

Parallelt med dette arbeidet er det også gjort grep på trafostasjonen som står plassert mellom Sunde Resirk og Aardal AS.

– Trafoen har stått utsett til ved høg vasstand tidlegare. No har me heva han i underkant av ein meter, seier Arn Roger.

Trafostasjonen i Utladalen er blitt heva om lag 70 cm. (Foto: Arn Roger Haugland)

Nye kraftstolpar på fjellet

Farande over fjellet på fylkesveg 53 kan i desse dagar sjå at det går føre seg arbeid på mastene på strekkja langs Torolmen. Her jobbar Straumnett sine montørar med å byta ut ein del gamle kraftstolpar.

– Igjen handlar dette om å sikre stabil forsyning. Me byter ut dei verste stolpane og så spjelkar og sikrar me nokre andre.

No er montørane, med god hjelp av graveentreprenør, godt i gang med arbeidet.

Langs denne strekkja på fjellet blir gamle kraftstolpar bytt ut med nye. (Foto: Stian Bye)

– Dette er tiltak me utfører på bakgrunn av ei tilstandsvurdering der me har vore ute på synfaring, seier Arn Roger.

Fleire kablar i bakken

Langs Veesvegen og i Sitlevegen i Øvre Årdal har dei den siste tida forsterka lågspentnettet, der ein har fjerna gamle stolpar og lagt kabel i bakken.

Les også: Denne gata får seg eit skikkeleg løft: - Eit godt samarbeid mellom fleire aktørar

– Dette er gjort i godt samarbeid mellom oss i Straumnett, Årdalsnett og Årdal kommune. I tillegg har kundane i desse områda fått ny inntakskbel og moglegheit til å montere nytt utvendig tilknytingsskap.

Ved Hydrovegen på Årdalstangen har Straumnett oppgradert og forsterka kapasiteten på høgspentnettet, medan Årdalsnett har lagt fiber og Årdal kommune har utført betringar på veglys.

– Så har me lagt fram forsyning med tanke på elbillading ved sentralbygget til kommunen, og me har forberedt området til meir effekt seinare, seier Arn Roger, og slår fast at det er mykje arbeid om dagen.

- Me har ein samfunnskritisk jobb og må vera på tå hev heile tida for å sikra stabil og god drift av nettet til innbyggjarane i Årdal.