Melding om feil

Straumnett AS har som mål å halde ein god kvalitet på sine anlegg. Verksemda har eit godt utvikla vedlikehaldsprogram og nyttar årleg store ressursar på å oppgradere nettet sitt til beste for deg som kunde.

Likevel er me avhengig av at du, som vert merksam på feil og manglar, melder frå om dette til oss. Særleg er me opptekne av å vareta tryggleiken for små og store som ferdast i nærleiken av våre anlegg. Straumnett AS er på plass 24 timar i døgnet og har dyktige montørar klare til å rykkje ut for å utbetre feil.

Du kan nytte vårt vanlege nummer når du ringjer vårt vaktpersonell; 57 64 86 00, eller for tilhøve som ikkje krev omgåande utrykking kan du sende ein e-post til post@ardal-energi.no.


Skjema for melding av feil