Innføring av Elhub

Elhub er kraftmarknaden sin nye løysing for utveksling av informasjon mellom marknadsaktørane. Denne løysinga skal innførast 18.02.2019, og i den samanheng vil det gå føre seg ei rekkje aktiviteter som kan påverka dykk som kundar av Årdal Energi. Ein må difor forventa lenger behandlingstid enn normalt hjå Årdal Energi sitt kundesenter i februar månad.

 I perioden frå 01.02.19 og fram til lansering av Elhub den 18.02.19 vil det vera nokre avgrensingar for deg som kunde:

  • Du kan ikkje foreta leverandørskifte i denne perioden. Du og din kraftleverandør kan framleis foreta eventuelle forberedande aktivitetar, som f.eks. å gjere ein målaravlesing, men sjølve leverandørskiftet vil fyst kunna skje etter 18.02.19.

  • Ved byte av straumabonnement i denne perioden vil du som kunde få levert straum og få registrert bytte av straumabonnement på rett dato, men du vil ikkje få endeleg bekrefta byte før etter 18.02.2019.

 Vi beklagar dei ulemper denne omlegginga kan medføre, og ber om forståing for eventuell tregheit i kundedialogen inntil Elhub er på plass.

Brann i oppvaskmaskin

Ein av våre kunder har nylig hatt brann i sin oppvaskmaskin. Kunden hadde heldigvis installert røykvarslar og fekk difor sløkt brannen før den fekk spreie seg.

Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) vil oppfordre alle som har kjøpt oppvaskmaskin frå Bosch eller Siemens mellom 1999 og 2005, om å gå inn på følgande webside for å sjekke om oppvaskmaskina kan være brannfarleg.

www.dishcareaction.com

Ein bør ikkje sette på oppvaskmaskin, vaskemaskin eller ladar om natta, då ein ikkje har full kontroll med utstyret når ein søv. Pr. i dag kjem ikkje Årdal Energi KF til å setja ned straumprisen om natta, for at ein kan kunna spara nokre kroner, slik som mange oppfattar at den nye straummålaren legg opp til.

Melding til våre kundar

Vi i Årdal Energi har vorte kjent med at fleire kraftleverandørar fortel våre nettkundar i telefonsamtaler at dei har ein samarbeidsavtale med oss.

Dette er ikkje rett.

Alle kraftleverandørar får same vilkår og service hjå oss. Å fortelja eller påstå at dei har nokon form for særavtale om samarbeid med oss er det same som å påstå at vi gjer oss skyldig i lovbrot.  Årdal Energi er pålagt ved lov å behandla alle kraftleverandørar nøytralt og likt.

Som eit resultat av nye forskrifter kan kraftleverandørar no krevja å gjennomfakturera nettleiga. Det betyr at du som kunde får ein faktura frå kraftleverandøren for både straum og nettleiga. Gjennomfakturering av nettleiga er noko alle kraftleverandører som stettar visse vilkår kan krevje. Gjennomfakturering er ingen særskilt avtale om samarbeid.  Alle kraftleverandørar kan få gjennomfakturering.

Vi tek difor avstand frå det dersom ein kraftleverandør brukar vårt gode namn og rykte til å «narre» straumkundar til å tru at dei får nokon form for positiv handsaming hjå oss ved å kjøpe straum hjå dei.  

Endring i fakturering av nettleiga

Med bakgrunn i endring av Forskrift om måling, avregning og samordnet opptreden ved kraftomsetting og fakturering av netteneseter vert alle kundar fakturert etterskotsvis.

Endringa vil skje frå 1.januar 2016 og gjeld for fakturering av nettleige (bade fastbeløp og energiledd) basert på målaraavlesing. Målaravlesing vert gjennomførd kvar andre månad med påfølgjande fakturering og forfalli slutten av månaden.

Målaravlesing skal skje følgjande datoar: 1.januar, 1.mars, 1.mai, 1.juli, 1.september og 1.november.

Nettleiga - korleis er den sett saman

Til tider får vi inn spørsmål om nettleiga, for å gje ein forklaring på korleis nettleiga vert bygd opp har vi laga til følgjande.

Årdal har hatt ei historisk låg nettleiga, både for fastbeløp og for energiledd (øre/kWh), men vi sette dette opp i 2013 og kjem til å setja opp noko for 2016. Men vi vil framleis ha lågt fastbeløp. Dette går på kva profil ein vil ha på nettleiga, lågt fastbeløp gjev høgare energiledd og omvendt.

Alle nettselskap har monopol på overføring av straum innafor sine forsyningsområder, og er difor regulert av myndigheitene (NVE). NVE fastset kvart år ei individuell inntektsramme for kvart nettselskap. Inntektsramma gjev ei øvre grense på kor stor inntekt nettselskapet kan henta inn gjennom nettleiga. Inntektsramma vert fastsett slik at tillaten inntekt over tid skal dekke kostnadane ved drift og vedlikehald av nettet, samt gje ein rimeleg avkasting ved effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Vår årlege inntektsramme vert fastsett dels på bakgrunn av historiske kostnader i verksemda, og dels på bakgrunn av ei kostnadsnorm som vert fastsett av NVE. Denne norma skal sikra at verksemda driv effektivt. Den vert sett ved hjelp av samanliknande analyser som samanliknar verksemdenes resursbruk opp mot oppgåva dei utfører. Den tillatne inntekta vert fordelt ut på den forventa overføringsmengda (kWh) kvart år, som er enkelt forklart korleis tariffen kjem fram.

I tillegg til å dekka historiske kostnader som nemnt over, vert alle overliggande nettkostnader lagt til, og fordelt ut på kvar kWh overført. Årdal Energi vil for 2016 halda same pris ut, som er 35,0 øre/kWh + avgifter. Vår kostnad til overliggande nett er ca. 10,0 øre/kWh.

Ein bør og vera klar over at når ein går inn og ser på ulike statistikkar, så må ha klart føre seg kva som vert samanlikna. Fordi i mange samanhengar er ikkje avgiftene med der, medan alle nettselskap er pålagt å gje opp prisar inkludert alle avgifter.

Innebygd i nettleiga ut til kunde ligg det og ein del avgifter til staten, el-avgift (forbruksavgift), avgift til Enova (energi- og miljøfondet) og moms. Dette kan setjast opp slik:

Oppsett over ÅE sin nettleigepris og avgifter for 2016
                                       Grunnpris    El- avgift     Enova       Mva          Totalpris

Energiledd (øre/kWh)       38,00       +    16,00    +    1,00   +   13,75    =   68,75
Fastbeløp (kr/år)               1 750,-      +        0       +      0     +   437,50=   2 187,50



Elavgifta her hatt denne utviklinga dei siste åra

                                             2012    2013    2014    2015     2016
El. avgift (forbruksavgift)    11,39    11,61    12,39    *14,15    16,00
*) – Staten sette opp elavgifta frå 13,65 øre/kWh til 14,15 øre/kWh, fom 1.juli 2015.

Vi håpar at eg har gitt deg meir «kjøt på beinet» med denne forklaringa, ta kontakt med oss dersom du ynskjer ytterlegare informasjon.