Melding til våre kundar

Vi i Årdal Energi har vorte kjent med at fleire kraftleverandørar fortel våre nettkundar i telefonsamtaler at dei har ein samarbeidsavtale med oss.

Dette er ikkje rett.

Alle kraftleverandørar får same vilkår og service hjå oss. Å fortelja eller påstå at dei har nokon form for særavtale om samarbeid med oss er det same som å påstå at vi gjer oss skyldig i lovbrot.  Årdal Energi er pålagt ved lov å behandla alle kraftleverandørar nøytralt og likt.

Som eit resultat av nye forskrifter kan kraftleverandørar no krevja å gjennomfakturera nettleiga. Det betyr at du som kunde får ein faktura frå kraftleverandøren for både straum og nettleiga. Gjennomfakturering av nettleiga er noko alle kraftleverandører som stettar visse vilkår kan krevje. Gjennomfakturering er ingen særskilt avtale om samarbeid.  Alle kraftleverandørar kan få gjennomfakturering.

Vi tek difor avstand frå det dersom ein kraftleverandør brukar vårt gode namn og rykte til å «narre» straumkundar til å tru at dei får nokon form for positiv handsaming hjå oss ved å kjøpe straum hjå dei.