Skifte kraftleverandør

Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandørar). Dette inneber at kundar må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

Inntil du har valt deg kraftleverandør er nettselskapet pliktig til å levere deg kraft på dyrare vilkår enn normalt. Denne leveransen kallast leveringsplikt og er kun meint som ei midlertidig løysing.

Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei første 6 vekene har Årdal Energi Nett sett prisen.

Leveringsplikt – prisar

  • Frå 0 til 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva

  • Etter 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 12,5 øre/kWh inkl. mva

Tariffnamnet er Ventetariff. Nettleige kjem i tillegg i begge tilfella. Fakturering i lag med nettleiga.

Les meir om leveringsplikt på NVE sine sider

Leverandørbyte – korleis gjennomføre leverandørbyte

Det er kostnadsfritt å byte kraftleverandør. Nettselskapet skal leggje til rette for at kundar skal gjennomføre leverandørbyte.

Vi vil likevel anbefale deg å besøkje Forbrukerrådet sin prisoversikt: www.strompris.no. Her vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer straum i Årdal kommune.

Her finn du oversikt over tilgjengelege kraftleverandørar i Årdal.

Ta kontakt med kraftleverandør og hugs å ha følgjande opplysingar tilgjengeleg når du skal bestille:

Målepunkt_ID – denne finn du på fakturaen

Fødselsdato

Namn

Meir informasjon finn du her