Sakshandsaming

Saksgangen i ved kontroll og oppfylgjing:

  • Kontrollen varslast på førehand, anten skrifteleg eller munnleg
  • Dersom det ikkje vart avdekka feil/manglar ved kontrollen, vil dette gå fram av rapporten og saka vert avslutta
  • Dersom det ved kontrollen vart avdekka feil/manglar, vil kunden verta tilsendt eit varsel om vedtak i lag med rapport som beskriv feil/manglar. På varslet om vedtak er det sett ein frist for tilbakemelding

Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.

I dei tilfelle det vert avdekka alvorlege feil/manglar vil det verta sendt vedtak direkte.

  • Dersom fristen på varselet om vedtak går ut, utan at me har motteke tilbakemelding, vil me gjera vedtak i saka. Vedtaket vil i lag med rapporten verta sendt kunden.

I vedtaketer det sett frist for retting av feil/manglar. Innan denne fristen må også Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) ha tilbakemelding om at feil/manglar er retta.

Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.

  • Dersom kunden ikkje føljer opp vedtaket innan fristen, vil det verta utsendt purring på vedtaket, med frist for tilbakemelding
  • Dersom kunden ikkje føljer opp purringa vil eit av alternativa verta vurdert sett i verk:
    • Alternativ 1, saka vert sendt over til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering om tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.
    • Alternativ 2, Dersom vidare drift av dei feila/manglar som vart avdekka ved kontrollen inneber fare, kan anlegget verta fråkopla.