Internkontroll

Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som omfattar mellom anna, dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:

  • Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik.
  • Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt.
  • Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande).
  • Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan).
  • Rutinar for handtering av feil og manglar.
  • Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremålet.

Internkontrollsystemet skal tilpassast verksemdas storleik og virkeområde.

Internkontrollforskrifta finn du her: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter